Benedicte Maurseth, hardingfelespelar, komponist og forfattar, er ein prislønt, etablert og anerkjend utøvar. Ho har gått i lære hjå meisterspelemannen Knut Hamre gjennom fleire tiår, og har tradisjonsmusikken frå Hardanger som sitt spesialfelt. Ho har turnert i omfattande grad som solist i Norge og internasjonalt, i kjende salar som Sydney Opera House og Carnegie Hall. Hennar samarbeid har vore med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av kunstnarleg uttrykk innan teater, kunst og musikk som Jon Fosse, Anne Marit Jacobsen, Knut Hamre, Rolf Lislevand, Mats Eilertsen, Kronos Quartet med fl. Maurseth har også komponert ei rekke bestillingsverk for mellom andre Kronos Quartet, Prague Music Ensemble, Ensemble neoN, Marvel Studios, Nasjonalteateret, og festivalar, TV- og filmproduksjonar.
Maurseth har spelt inn ei rekke album for Hubro Records & Heilo (Grappa Musikkforlag) og ECM Records, og har i tillegg gjeve ut bøker, artiklar og essay. Hennar solo-album Hárr (2022) vart tildelt Nordic Music Prize, og kåra til eit av ti beste folkemusikkalbum i verda i The Guardian i 2022. Same år kom også sakprosaboka Systerspel - Om spelet som var og spelet som vart borte. Eit pionerarbeid om spelekvinna si historie frå 1700-talet og til i dag. For dette, samt konsertførestilling og museumsutstilling med same tittel, vart ho i 2023 tildelt Folkelarmprisen «Årets Folkemusikar», samt SFF-prisen for sin tydingsfulle innsats for norsk folkemusikk.
I 2025 gav ho ut det internasjonalt kritikarroste albumet Mirra, som også vart kåra til eit av ti beste folkemusikkalbum i The Guardian i 2025, i tillegg til i ei rekke andre tidsskrift som The Wire, Mojo, Jazzwise. Mirra vart også nominert til Spellemannprisen i både Åpen klasse og Årets Komponistpris. I 2025 urframførte ho også verket Elja, samkomponert med Kristine Tjøgersen, for Kronos Quartet og Maurseth.
I 2026 er Maurseth «Huskomponist» for KODE i Bergen, og arbeider for tida med eit nytt verk tileigna Hardangerfjorden, som saman med Hárr og Mirra utgjer ein trilogi tileigna økosofien, naturmangfald og særleg truga artar.
Foto: Agnete Brun